søndag 27. mars 2011

Norge 1 - Danmark 1

Norge 1 - Danmark 1
 ( skule hatt eit bilde her) - korleis set eg det inn! ?


Ekstremt viktigt poeng for oss, kven er ikkje glad i Huseklepp i dag? - Det var jo trosalt han som skåra norges mål, og på ny sikra poeng for Noreg.

Kampen i seg sjølv var ikkje av det beste slaget, mange lange baller, to defensive- lavtliggende lag. Ganske tam kamp. Me skal vera glad me fekk eit poeng etter å ha ligget under så lenge i ein kamp. Sett med svenske auger, var nok danskane eit lite hakk betre enn Noreg.

lørdag 26. mars 2011

Treningsoppdatering, 25.03.10

I går kvled hadde eg meg ei times økt med styrke, med bl.a. benk, mage, rygg, leggar, osb.

Grei økt som ikkje var så altfor hard.

Skal laga meg nokre treningsprogram no snart, slik at eg veit nøyaktig korleis eg skal trene.  


God helg!

fredag 25. mars 2011

Mitt første blogginnlegg

Hei, og velkommen til min treningsblogg!

Dette er mitt første blogginnlegg, så eg veit ikkje heilt korleis alt dette fungerer skikkelig enda, men eg tar tida til hjelp. Her kjem eg hovudsakleg til å føra treningslogg, men eg kjem sikkert også til å posta andre innlegg om trening eller sport, som interesserar meg. Men først litt om meg og mitt mål med trening.

Eg er altså ein kar på 20 år, jobbar fulltid som lærling i cnc fag. På fritida trenar eg, eller finn på anna skøy. Eg trenar ikkje så felt mykje, men eg trenar veldig variert. Eg trenar frå 2 - 4 ganger i veka, men skal prøva å stabilisera det til 3 - 6 ganger. Eg trenar bl.a. kondisjon, styrke, fotball, basketball, volleyball ol. - Men sant må seiast at alle øktene ikkje er lika harde!

Mitt mål er å:
- Setja nye rekordar på alle løp som eg tidlegare har deltatt på. bl.a. 400m(63,4sek), 800m(2,22min) og 3000m(ca11,50min) ++

Eg er ikkje i min livs beste form for tida, derfor starta eg denne bloggen. Kanskje eg får litt ekstra inspirasjon og motivasjon slik at eg kan tukta desse gamle rekordane?
Førstkomande mandag skal eg gjera ein test, for å sjå korleis formen ser ut. Eg skal springa ei ruta som eg tidlegare har sprunget på ca 12.45. Det vert ein spanandes tur, så lenge det ikkje er dårleg føre - for då vert ikkje tida reel.

No i kveld tenkje eg att eg skal ta ei treningsøkt på det lokale treningssenteret.

God kveld!